Austevoll miljøsentral

Opningstider

  • Måndag: 10.00–18.00
  • Torsdag: 10.00–18.00
  • Laurdag:
  • 1. april–30. september: Annakvar laurdag (oddetalsveker) kl. 09.00–14.00
  •  
  • 1. oktober–31. mars: Siste laurdag i månaden kl. 09.00–14.00

Offentlege høgtidsdagar, heilagdagar, påskeaftan, julaftan og nyttårsaftan stengt.

Kundar som leverar på SIM sine miljøsentralar, lyt sjølv sortera avfallet sitt i dei ulike konteinerane. Våre tilsette hjelper deg dersom du er usikker på kva konteinar du skal kaste avfallet i.

Prisar på miljøsentralen

Levering:

Inntil 1m3: kr 100
Inntil 2m3: kr 200
Inntil 4m3: kr 400
Inntil 6m3: kr 600
Hageavfall: Gratis

Bildekk

Bildekk på felg: kr 40

Kjøp

Kompostjord: kr 450 (pr kubikk / pr tonn)
Kompost i sekk: kr 10

Kundar kan bli avviste og bedt om å komme att dersom ein kjem med: Avfall som ikkje er pakka rett (t.d eternitt som skal pakkast i tett plast og teipast igjen) Svarte sekker Kvitevarer med mat i Motorar som ikkje er miljøsanerte (tappa for vesker)

PRIVATKUNDAR:
Dette kan leverast “kostnadsfritt” på miljøsentralen:
(Gjeld berre privatkundar) (betaling skjer gjennom renovasjonsabonnementet):

  • Farleg avfall
  • EE-avfall
  • Plastemballasje
  • Glas- og metallemballasje
  • PCB- vindauge
  • Tekstilar
  • Eternitt
  • Trykkimpregnert trevirke
  • Bildekk utan felg
  • Hageavfall

NB! Dersom verksemder/transportørar kjem til oss og leverer avfall vert det rekna som næringsavfall og ein lyt betala for levering!

NÆRINGSKUNDAR:
Dersom du skal kjøpe kompostjord og plenblanding kan det gjerast i Svartasmoget, Fitjar.

Prisar, næringskundar (vekt*):

Avf. sorteringsrampe                                         kr  2 400,00 per tonn

Prisar, næringskundar (utan vekt**):

Avfall levert på sorteringsrampe                          kr 408 per m3 (sjølvsortert)

*Bømlo, Heiane, Kvinnherad og Fitjar
**Sveio, Tysnes og Austevoll

Farleg avfall: Vert fakturert i etterkant. Kunden må på førehand ha fylt ut deklarasjonsskjema.

AVFALL SIM IKKJE TEK I MOT:

  • Ugjennomsiktige sekker med avfall
  • Lange PVC/plastrøyr over 2 m
  • Garn og not som ikkje får plass i ein samanknytt/teipa bærepose
  • Kjøleskap eller frysera med matavfall
  • Farleg avfall over 1500 kg per år per avfallsbesittar
  • Store mengder næringsavfall
  • Sprengstoff – kan leverast til leverandørar som sel tilsvarande vare (usikker- ta kontakt med politiet)
  • Ammunisjon og våpen – kan leverast til leverandørar som sel tilsvarande vare (usikker- ta kontakt med politiet)
  • Fyrverkeri – kan leverast til leverandørar som sel tilsvarande vare
  • Naudrakettar og naudbluss – kan leverast til leverandørar som sel tilsvarande vare (t.d OMR på Karmøy)
  • Naudpeileutstyr og redningsflåtar m/sprengladning – kan leverast til leverandørar som sel tilsvarande vare (t.d Båtutstyr Karmøy)
  • Airbag til bil – kan leverast til bilopphoggar eller bilverkstad
  • Motorar som ikkje er miljøsanserte – (tappa for oljer og andre væsker) kan leverast til godkjent mottak
  • Kunstgrasbanar – kan leverast til private avfallsmottak (t.d RagnSells)
  • Eternitt som ikkje er forsvarleg pakka – skal pakkast i tett plast og teipast godt.
  • Dekk til lastebilar/traktorar etc. – kan leverast til private avfallsmottak (t.d RagnSells)
  • Skytematter – kan leverast til private avfallsmottak (t.d RagnSells)
  • Tau, hageslangar og trosser over 1 m – (kan kappast i 1 m lengde, eller stripsast med 3 stk solide strips i bunt og leggjast i bærepose.
  • Slakteavfall – kan leverast til private avfallsmottak (t.d Biosirk som hentar slikt mot betaling)
  • Landbruksplast – kan leverast til private avfallsmottak (t.d RagnSells)
  • Smittefarleg avfall – kan leverast til private avfallsmottak (t.d RagnSells)
  • Medisinsk avfall – kan leverast til apotek
  • Radioaktivt avfall – kontakt Norsk Strålevern

Ein gjer merksam på at SIM berre har løyve til å ta i mot 1500 kg farleg avfall per avfallsbesittar, per år. 

Salsprodukt

ProduktBeskrivelsePris
Kompostbingen KompostBjørn– Volum 235 liter. Bingen er 1. meter høg
– Høver for husstandar på 3 – 5 personar
– Greip, innerlok og ein pose strø er inkludert
Pris: 5500,-
Strø til kompostbingar– Framstillt av nåletrebark
– Kjem i sekker på 50 liter
– Hjelper komoposteringsprosessen i gang
– Dempar lukt og sikrar rett fuktinnhald
– Prisen er per. sekk
Pris: 170,-
Ekstrasekk– Kan setjast ut i lag med restavfallsdunken
– Kan kjøpast på miljøsentralen
– Prisen er per. sekk
Pris: 80,-
Kjøkenspann til bioavfall– Volum 6 liter
– Til matavfall
– Nye abonnentar får spannet gratis
– Kan kjøpast på miljøsentralen
Pris: 35,-
Papirposar til kjøkenspann– Kan kastast i biobunk/kompostbinge
– Kan kjøpast i matvarebutikk/miljøsentral
– Vert leverte i buntar på 50, prisen er per. bunt. Frakt kjem i tillegg
Pris: 30,-
Biposar (til biodunk)– Volum 140 liter
– Enklare reinhald. Mindre problem med fluge/makk
– Kan kjøpast i matvarebutikk/miljøsentralen
Pris: 80,-
Miljøsentralsekken, blanke sekker (1 rull à 10 sekker)- Volum 120 literPris: 45,-
Vindsikring (stropp)Pris: 50,-

Slik finn du fram på miljøsentralen

For at sorteringsjobben på miljøsentralen skal gå lettare, er det lurt å tenkja på korleis du lastar bilen/hengaren før du kjører. I grafikken under kan du sjå korleis miljøsentralen er er lagt opp. Hald musepeikaren over dei grøne prikkane. (Oppsettet er retningsgjevande, avvik kan forekomma)

Rekkjefølgje på avfallet

  • 1Papir / papp
  • 2Impregnert trevirke
  • 3Trevirke
  • 4Restavfall
  • 5Restavfall
  • 6Metall
  • 7Plast
  • 8Restavfall
  • 9Trevirke
  • 10Ikkje-brennbar rest