Skuleprosjekt

SIM sitt skuleprosjekt

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) inviterer kvart skuleår elevar på fjerdetrinnet til SIM, slik at dei får sjå korleis avfallshandteringa skjer i vårt distrikt.

Om tilbodet

Tilbodet består i gratis tur/retur for heile klassen til SIM sitt anlegg på Heiane, Stord. Skulebesøka er avgrensa til ein periode om våren og ein periode om hausten. Omvisinga startar med ei økt inne der, deretter tek ein turen ut på miljøsentralen og i omlastehallen.

Før besøket

Elevane må førebu seg i emnet avfallshandtering, resirkulering og berekraft før turen til SIM.

Medan klassen er hjå SIM

Elevane får informasjon om kjeldesortering i SIM- området, ei omvising i omlastehallen, der alt boset vert sortert og lasta for vidare transport. Dei får sjå miljøsentralen, der folk leverar og sorterar farleg avfall, grovavfall o.a.

Andre vilkår

  • Dei som melder seg først, får velja dag først
  • SIM dekkjer transportkostnaden frå skulen til SIM og attende.
    Klassar som ynskjer å leggja inn andre aktivitetar på turen,
    må dekkja meirkostnadene med dette sjølve.
  • Skulen må sjølv tinga transport og syta for at rekninga vert sendt til SIM i ettertid.
  • Elevane skal ha førebudd seg grundig før dei kjem til SIM,
    og vera budd på tankegangen om avfallshandtering, kjeldesortering, resirkulering og farleg avfall.
  • Elevane må ta med mat og drikke sjølv, som til ein vanleg skuledag.
  • Elevane må kle seg godt. Ekskursjonen føregår utandørs,
    sjølv på soldagar kan det vera kaldt og surt på avfallsplassen.

NB: Grunna koronasituasjonen vil det vera ein del tiltak knytt til smittevern. Desse får de informasjon om før besøket.