Koronainformasjon frå SIM Les meir

Vårt samfunn

SIM er oppteken av miljøet og samfunnet rundt oss. Me ynskjer å bidra til gode haldningar og eit reinare Sunnhordland. Eit Sunnhordland me kan vera stolte av. Vårt bidrag skjer gjennom å leggja til rette for sortering og gjenvinning, og å skapa haldningar som fører til rette handlingar. Me tilbyr ulike støtteordningar og tilbod til innbyggjarane. Ditt bidrag kan vera å sortera rett, dra i gong ein ryddedugnad i nærmiljøet, rydda ei strand eller å gje oppveksande generasjonar ei medviten haldning til ei berekraftig utvikling.