I kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes er det tvungen kommunal renovasjonsordning. Det tyder at alle innbyggjarar i kommunen må vera med i ordninga. Hytteeigarar må vera med i hytterenovasjonsordninga.
Renovasjonstilbodet til hytteabonnentar består av:
1. Hyttekonteinara for restavfall, dunkar for glas- og metallemballasje og miljøsentralar. Ved nokre få punkt er det òg høve å levere papir, plastemballasje og bioavfall.
2. Hytteabonnentar kan òg få abonnement som hushaldsabonnentar, med dei vilkåra det inneber. Ta kontakt med SIM dersom du ynskjer slikt abonnement.
3. Større hyttefelt som ynskjer å etablere eigne returpunkt kan ta kontakt med SIM for å diskutere løysingar.
Det er kun dei som betalar hytterenovasjonsabonnement som har lov til å bruka hyttekonteinarane.
Returpunkta
Returpunkta er plasserte på sentrale stader kringom i kommunane. Målsetjinga til SIM er at alle hyttebrukarar skal ha eit returpunkt tilgjengeleg på sin veg til/frå hytta. SIM er i gong med ein opptrappingsplan slik at det vert færre returpunkt, men fleire punkt med utvida tilbod om sortering.
Miljøsentralar
Avfall som ein ikkje får plass til i hyttekonteinaren for restavfall, eller som ein ikkje har lov til å kasta der, kan leverast på ein av SIM sine miljøsentralar.
Utleigehytter
Utleigehytter vert rekna som heilårshus, og må ha abonnement tilsvarande hus.