Kommunen sine plikter

  • SIM skal stilla til rådvelde dei konteinarar hytterenovasjons-ordninga til ei kvar tid krev.
  • SIM skal levera ut, reparera og skifta konteinarar når det trengst.
  • Hytteavfallet skal takast hand om på ein miljøvenleg, hygienisk og kostnadseffektiv måte.
  • Abonnentane skal finna hyttekonteinarane på ein sentral stad, t.d. på veg til butikk eller hovudveg.
  • SIM skal tømma hyttekonteinarane minst éin gong i veka om sommaren (frå påske til 1. oktober) og minst annakvar veke om vinteren.
  • SIM skal ordna opp dersom ein abonnent melder frå om at ein hyttekonteinar er blitt overfull.
  • SIM skal sjå til at det vert rydda rundt hyttekonteinarane ved tømming, og sprøyta for fluger o.l. når det er trong for det.
  • SIM skal syta for at returpunkta for glas- og metallemballasje er reine og ryddige, og at det er god nok kapasitet til at hytteabonnentane kan bli kvitt det dei skal levera der.