Om oss

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) er eit avfalls- og gjenvinningsselskap.

Eigarkommunar
SIM er eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar,
Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.

Ansvarsområde
Selskapet er ansvarleg for avfallshandsaminga i eigarkommunane,
og samlar inn alt hushaldsavfall og slam frå dei om lag
58 000 innbyggjarane og 15-20 000 hyttebrukarane i regionen.

Hovudmål for selskapet
Med basis i vedtektene og dei kommunale renovasjonsforskriftene
arbeider SIM for å redusera den totale avfallsmengda, skapa ressursar
av det avfallet som oppstår i regionen, og ta forsvarleg hand om restavfallet.
Skipa i 1990
SIM vart skipa i 1990. «Fadrane» var Bømlo, Fitjar, Stord og Tysnes.
Føremålet var å organisera handsaminga av avfall i desse kommunane.
Frå og med 1993 kom også Austevoll, Kvinnherad og Sveio med i selskapet.

SIM sitt avfallsanlegg i Svartasmoget i Fitjar opna i 1993. I Svartasmoget
finn ein deponi for slutthandsaming av avfall, komposteringsanlegg,
miljøsentral (gjenvinningsstasjon) og administrasjonsbygg.
På Heiane i Stord kommune har selskapet omlastehall. SIM har sju miljøsentralar.

Sorterer i fire fraksjonar
Innbyggjarane i eigarkommunane har sidan 1998 sortert hushaldsavfall i tre dunkar:
Papir, bio og rest. I tillegg kan ein levere plastemballasje i sekk. Avfallet vert henta på avtalt stad der folk bur.

Bringeordningar
Ei bringeordning inneber at innbyggjarane må ta med seg avfallet sitt sjølv til eit returpunkt og sortera det for gjenvinningSIM har fleire bringeordningar, mellom anna for glas- og metall og hytteavfall.

Miljøsentralen
Miljøsentralen (gjenvinningsstasjonen) er det viktigaste returpunktet.
SIM har sju miljøsentralar; ein i kvar av eigarkommunane.

På miljøsentralen kan folk levera farleg avfall, elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall),
trevirke, metall, plastemballasje, folieplast, hageavfall, glas, hermetikkboksar,
dekk, pcb-haldige vindauge, batteri, papir, bioavfall m.m. Som ein hovudregel er dette avfall ein ikkje har lov til å kaste, eller ikkje har plass til, i dunken.

Glas- og metallemballasje
I eigarkommunane finst det også ei rekkje returpunkt for glas- og metallemballasje.
Desse er plasserte på sentrale stader i kommunane.

Ta kontakt med oss for mer informasjon eller spørsmål du måtte ha.