Heiane blomst

Ledig stilling

Er du ein engasjert formidlar?

Då må du bli med på laget vårt!

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) er på jakt etter ein engasjert og dyktig formidlar til ei mindre prosjektstilling – med moglegheit for utviding for rette vedkommande. Du vil vera med og inspirera neste generasjon til å forstå verdien av resirkulering, berekraft og kjeldesortering. Stillinga er i utgangspunktet eit prosjekt med varighet på to år.

Om jobben: Du vil få ansvar for å gjennomføra undervisning og omvisingar for 4. klassingar i våre eigarkommunar. Gjennom interaktive opplegg og praktiske erfaringar vil du vera med på å skapa ei lærerik og spennande oppleving for elevane. Besøka finn stad på SIM sitt anlegg på Heiane (vår og haust) og varer om lag 2–2,5 timar.

Kva ser me etter:

  • Du er flink til å kommunisera og engasjera
  • Du har interesse for berekraft og miljøspørsmål
  • Du har gode pedagogiske evner – erfaring frå formidling er ein fordel
  • Du kan arbeida sjølvstendig og er godt organisert

Me tilbyr:

  • Ei spennande stilling der du får bidra til miljøbevisstheit hjå unge
  • Ein fleksibel og inkluderande arbeidskvardag
  • Moglegheiter for vidareutvikling og utviding av stillinga for rette personen
  • Arbeidstid etter avtale (dagtid)
  • Løn etter avtale

Vil du vera med? Send ein søknad til janne@sim.as der du fortel kvifor akkurat du passar til denne jobben, og kva du kan tilføra SIM sitt skuleprosjekt. Me gler oss til å høyra frå deg!

Søknadsfrist: 31. januar 2025

Spørsmål?

Kontakt Janne Hillersøy,
95 25 64 69/ janne@sim.as