Konteinarutleige

Dersom du er abonnent i SIM kan du leige konteinar til rydding. 

Pris:

Konteinaren er ein 10 m³ open konteinar og kostar 5400,- kr for fire dagar. Prisen inkluderar utkjøring og henting av konteinaren. Utkøyringsdato og innhentingsdato tel som heile dagar. Etter dei fire dagane kostar det 50,- kroner ekstra per dag. Prisen er den same i alle SIM- kommunane.


Bestill konteinar


Vilkår:

  1. at du har veg som kan nyttast av stor lastebil heilt til konteinarplassering.*
  2. at du betalar renovasjonsgebyr i ein SIM- kommune (Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio eller Tysnes)
  3. at du ikkje overfyller konteinaren
  4. at du ikkje kastar «uloveleg» avfall i konteinaren
*Det er kunden som må garantere for at vegen er framkommeleg for lastebilen. Ein vil bli fakturert for bestillinga, dersom bilen må snu med uforretta sak. Er du i tvil om vegen er egna, ring eller send oss eit bilete/video/omtale av vegen. 

Døme på kva ein KAN levera i konteinaren:

  • brennbart avfall
  • trevirke
  • hageavfall
  • stål/metall
  • plast
  • papir
  • papp
  • gummi
  • isopor etc.

Døme på kva du IKKJE skal levera i konteinaren. Feilsortering kan medføre ekstra gebyr for sortering.

  • farleg avfall
  • ee-avfall
  • matavfall
  • flytande avfall
  • isolasjon
  • reine massar (jord, tegl, takstein, fyllmassar eller betong
  • vindauge (produsert mellom 1965 og 2005)
  • gips
  • forureina massar
  • toalett/vask

Hugs at bilen som skal levere/tømme konteinaren treng god høgde ( min 4,5 m)