Kompostering

Kva er kompostering?

Kompostering vil seia at bakteriar, sopp og andre ørsmå organismar bryt ned organisk materiale (t.d. matavfall) til eit jordliknande produkt. Føresetnaden er at det er tilgang på luft gjennom heile prosessen. Då går nedbrytinga raskt og utan plagsam lukt.

I komposten utviklar det seg varme (normalt 30-60 grader, av og til opp mot 70) som gjer at fluger og andre insekt ikkje kan leva i bingen. Utan luft vil massen rotna og lukta vondt. Det kan òg oppstå skadelege gassar og stoff.

Fuktinnhaldet må vera høveleg for å få ei rask omdanning. Komposten skal vera slik at du kan klemma ut nokre dropar vatn ved å pressa ein neve kompost.

Gode grunnar for å kompostera heime

  • Du treng ikkje å levera matavfallet i biodunken, med påfølgjande reingjering av dunken.
  • Du treng ikkje å betala gebyr for biodunken.
  • Kompostering er miljøvenleg; du omdannar matavfall til eit jordliknande produkt rikt på næringsstoff.