Slik komposterar du heime

For å sleppa renovasjonsavgift på biodunken må du inngå ein avtale med SIM (sjå her )

A) Klargjering av kompostbingen

  1. Legg eit tjukt lag (20-30 cm) med grovt materiale i botnen (grov kvist, greiner, kongler o.l.)
  2. Dekk med to ark avispapir som du stikk mange små hol i.
  3. Legg på ei seng med strø, om lag 5 cm, litt meir langs ytterkantane.
  4. Tøm på matavfall og bland med like mykje strø.

Dette kan du ha i kompostbingen:

  • Matavfall av alle slag (t.d. grønsakskrell, restar av kjøt og fisk, mjølkeprodukt, gamle brødskalkar)
  • kaffigrut og -filter, teposar
  • egge-, reke- og krabbeskal
  • bein, fjør
  • visne blomar
  • kjøkenpapir, papirserviettar

Del opp dei største bitane. Hageavfall kan du leggja i ein kaldkomposthaug, eller hakka opp og tørka til strø.

Når kompostbingen er full
Når nedbrytinga går godt, kan matavfallet vera omlaga til kompost etter 6-12 veker. Det er likevel greiast å tømma bingen når han er full. Tøm gjerne om hausten, så er det god plass i bingen dersom nedbrytinga går seinare til vinteren.

  1. Det øvste laget i bingen er ikkje ferdig enno. Grav det ut og legg det til sides så lenge.
  2. Grav ut resten av komposten. Legg han gjerne rett på bakken, eventuelt støtta opp av nokre plankar, eller i ein enkel, open binge.
  3. Dekk komposten med ein presenning eller liknande, så regnet ikkje vaskar ut næringa. Komposten bør liggja slik i 4-6 månader, lenger dersom du har brukt grov strø (spon og flis).
  4. Etterpå legg du ei eit nytt, grovt botnlag (sjå øvst på sida), og så legg du på att laget med halvferdig kompost som du tok ut først.
  5. Sikt gjerne komposten gjennom ei rist eller likande før du blandar han inn i åker eller blomebed.

Strø
Strø er tørt materiale som me blandar med matavfall for å laga kompost. Strøet har tre oppgåver: Å suga opp væte, å gjera komposten luftig og å tilføra kolstoff (karbon). Døme på strø kan vera flis og spon, lauv og opphakka hageavfall. Du kan også bruka bork, kongler, opphakka halm, opprivne eggekartongar og mindre mengder strimla avspapir. Strø i ulike variantar kan du også kjøpa hjå SIM, på hagesenter, gartneri og landbruksbutikkar. Sist oppdatert: 23. september 2013