Om kompostbingen

Ein varmkompostbinge er ein isolert kasse med lufteopningar nede. Bingane finst i mange utgåver. Den vanlegaste er er ein firkanta trekasse med isolasjonsplater. Bingen skal også ha eit isolerande innerlok som skal liggja rett oppå kompostmassen.

Jamleg stell av kompostbingen

  • Tøm matavfall oppi minst éin gong i veka, helst oftare. Jo ferskare «drivstoff», jo betre for komposten.
  • Bland matavfallet godt med strø kvar gong (bruk greip). Vått avfall treng meir strø enn tørt.
  • Dekk ferskt matavfall med strø, så ikkje insekt kjem til så lett.
  • Luft komposten godt ein gong i veka. Grav rundt i bingen med ei greip og bruk gjerne kompostluftar i tillegg.
  • Det finst ulike typar kompostluftarar. Du kan laga ein sjølv, t.d. av ein spissa kjepp med to spikrar i enden.

Kompostbingen

Varmkompostbinge kan du òg kjøpa hjå SIM. Ta kontakt på telefon 53 45 78 50

Lukke til med komposteringa. Bruk vår nettstad dersom du treng å friska opp att kunnskapane.