Problem med komposteringa

Det er ikkje alltid heimekomposteringa går like smertefritt. Prosessen kan stoppa opp, eller du kan få problem med fluger, lukt o.a. Her er hjelperåd for dei vanlegaste problema:

  • Komposten er våt og klinete,eller det renn vatn ut or bingen
    Bruk meir strø. Komposten skal vera omlag så fuktig som ein oppvridd klut. Dersom du klemmer ein neve kompost, skal du kunna pressa ut éin vassdrope, men ikkje særleg meir.
  • Komposten luktar vondt
    Grav godt rundt i heile komposten og bland inn mykje strø. Dette vil ofte vera nok. Eit ekstra knep kan vera å strø nokre nevar sukker (evt. 1/2 – 1 liter lunka sukkervatn)over kompostmassen etter at du har rørt rundt i bingen, som ekstra drivstoff til komposteringa. Varmen vil då stiga kraftig.
  • Flugelarvar (kvitmakk) i bingen
    Gjer det same som over. Legg deretter to ark avispapir rett oppå komposten i nokre dagar, slik at larvane ikkje greier å krypa vekk. Då vil varmen ta knekken på dei.