Gebyr for SIM si hytterenovasjonsordning for kommunane:
- Austevoll: 1325 kr (per år)
- Bømlo: 1375 kr (per år)
- Fitjar: 1388 kr (per år)
- Kvinnherad: 1375 kr (per år)
- Stord: 1356 kr (per år)
- Sveio: 1415 kr (per år)
- Tysnes: 1384 kr (per år)
SIM sine hytteabonnentar betalar eit årleg abonnementsgebyr for renovasjonstenestene.
Renovasjonsgebyret skal dekkja:
- Innsamling av hytteavfall
- Miljømessig og kostnadseffektiv slutthandtering av avfallet
- Kjøp og vedlikehald av hyttekontainerar
- Returpunkt for glas- og metallemballasje
- Miljøsentralar for grovavfall, farleg avfall, EE-avfall og anna avfall
- Avgifter til staten
- Administrasjon og informasjon
- OBS! Gebyret skal ikkje vera høgare enn dei samla kostnadene med hytterenovasjonsordninga.