Koronainformasjon frå SIM Les meir

Abonnenten sine plikter

  • Abonnenten pliktar å melda frå til kommunen dersom det skjer endringar i abonnementsforholdet.
  • Abonnenten skal melda frå til SIM dersom noko er gale med hyttekonteinarane.
  • Hytteavfall skal plasserast inni hyttekonteinarane, ikkje utanfor.
  • Farleg avfall skal ikkje kastast i hyttekonteinarane, men leverast til ein av SIM sine miljøsentralar eller annan godkjent mottaksstad for slikt avfall.
  • Restavfall (t.d.tomme plastposar) skal ikkje plasserast ved returpunkta for glas- og metallemballasje.
  • Bil må ikkje parkerast på ei slik måte at den hindrar tømming av hyttekonteinaren.
  • Abonnenten vert oppmoda om å lesa informasjon som SIM sender ut, for slik å halda seg oppdatert på SIM si hytterenovasjonsordning og endringar som måtte bli gjort.