Miljøfond

Om SIM sitt miljøfond

Bakgrunn for fondet:

I 2014 selde SIM dotterselskapet SIM Næring. Det vart vedteke i representantskapet at ein skulle opprette eit miljøfond og plassere overskotet frå salet der. Fondet sin verdi er ved utgangen av 2018 om lag 51 millionar kroner.

Føremål:

SIM sitt miljøfond skal gå til tiltak som på ulikt vis gjev betre miljø for innbyggjarane i eigarkommunane til selskapet. Miljø er summen av alle faktorar som menneska er omgjevne og påverka av.

Kven kan søkja?

Alle kan søkja midlar frå fondet. Til dømes: lag, organisasjonar, kommunar, verksemder eller privatpersonar.

Årleg søknadsfrist

1. desember.

Tildeling:

Styret i SIM set opp prioritert liste over tildeling av midlar. Representantskapet handsamar tildelinga som eiga sak på representantskapsmøtet, som regel innan utgangen av april.

Les meir eller søk her