Kvifor er det viktig å betale renovasjonsgebyret?
SIM fakturer deg som innbyggar for renovasjon og slam på vegne av kommunen. Har du utfordringar med å betale i tide er det viktig at du kontaktar SIM så snart som mogeleg.
Kvifor betala?
Kommunale gebyr, som renovasjon og slam, er kritiske for kommunen si funksjon. Desse gebyra er sikra ved lovbestemt pant jfr. pantelova §6-1. Dette kallast legalpant og har prioritet framfor andre hefte knytte til eigedomen.
Konsekvensar ved å ikkje betala?
Ved manglande betaling kan kommunen setje i verk alvorlege tiltak som trekk i løn eller tvangssal av eigedomen. Dette understrekar viktigheita av å betale kommunale gebyr i tide, både for din økonomiske tryggleik og for å støtte tenestene som avgiftene finansierer.
Eigedomsskifte og gamle gebyr
Dersom tidlegare eigar ikkje har betalt renovasjonsgebyr blir eventuelle ubetalte krav eit hefte på eigedomen. Og det er du som ny eigar som må betale dette heftet.
Referanser:
Lov om pant (Pantelova), §6-1
Lov om vern mot forurensninger og avfall (Forureiningslova), §§ 34 og 83
Lov om kommuner og fylkeskommuner (Kommunelova), §17-1
Prisane/gebyra kan variere frå kommune til kommune. Velg under kva du vil vise pris for:
Miljøsentralar
Gå til sida for miljøsentralane for å vise pris for levering av avfall.
Priskalkulator/dunkendring
SIM byter dunkar om lag kvar 5. veke. Dersom du treng dunk før me kjem på huset, ta kontakt med SIM. Heimekompostering krev kurs (kurs kan du ta via nett, via skjemaet kompostkurs).