I kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes er det tvungen kommunal renovasjonsordning. Det tyder at alle innbyggjarar i kommunen må vera med i ordninga. Hytteeigarar må vera med i hytterenovasjonsordninga. Renovasjonstilbodet til hyttefolk består av hyttekonteinara for restavfall, dunkar for glas- og metallemballasje og miljøsentralar. Ved nokre få punkt er det òg høve å levere papir, plastemballasje og bioavfall.
Det er kun dei som betalar hytterenovasjonsabonnement som har lov til å bruka hyttekonteinarane.
Returpunkta
Returpunkta er plasserte på sentrale stader kringom i kommunane. Målsetjinga til SIM er at alle hyttebrukarar skal ha eit returpunkt tilgjengeleg på sin veg til/frå hytta. SIM er i gong med ein opptrappingsplan slik at det vert færre returpunkt, men fleire punkt med utvida tilbod om sortering.
Miljøsentralar
Avfall som ein ikkje får plass til i hyttekonteinaren for restavfall, eller som ein ikkje har lov til å kasta der, kan leverast på ein av SIM sine miljøsentralar.
Utleigehytter
Utleigehytter vert rekna som heilårshus, og må ha abonnement tilsvarande hus.