Alle er velkomne til å rydda i strender og strandsone i våre eigarkommunar. Sekker kan de få, og levere, kostnadsfritt ved ein av SIM sine miljøsentralar. Vilkåret er at det melder dykk på via SIM si nettside, stranda er offentleg tilgjengeleg og at ingen andre har ansvar for å rydda, SIM har ikkje midlar til tranpsportstønad/sekkestønad frå Miljødirektoratet i år, men alle som ynskjer å rydde strender kan få sekker og levere sekkene kostnadsfritt hjå SIM.
Etter påmelding får ein eit svar som bevis på at du kan hente og levere sekker på ein av våre miljøsentralar.
Sjekk med grunneigar
Hugs å sjekka med grunneigar om det er i orden at det vert rydda, og at området ein ryddar ikkje er verna. Vern om dyre- og fuglelivet der ein ferdast, og vèr ekstra varsam i hekketida. I lenka kan du finne verna områder i Sunnhordland:
https://www.statsforvalteren.no/nb/vestland/miljo-og-klima/verneomrader/verna-omrade/
Dersom du eller ditt lag ynskjer rydda ei strand må de melda dykk på her:
Dersom ditt lag ynskjer kan de sjølve søkje refusjon for transportutgiftene hjå Hold Norge Rent. Det kan du gjera på denne sida:
Søk refusjon hjå Hold Norge Rent
Lukke til med ryddinga