Refusjon for rydding

Frå 1.1.2023 startar SIM ei 2-årig prøveordning for næringslivet i Sunnhordland. Ordninga går ut på at ein kan søkje støtte til levering av marint avfall.

Vilkår for å søkje refusjon:

  1. Den totale potten for støtte som ein kan søkje av er avgrensa til 100 000,- pr. år, fordelt på søkjarane, dersom det er fleire.
  1. Det er berre verksemder som har hovudsete i Sunnhordland som kan søkje.
  2. Det er berre verksemder som har rydding av marint avfall som hovudaktivitet, som kan søkje.
  3. Ordninga er avgrensa til avfall som er rydda i eigarkommunane til SIM. Avfallet skal sorterast ved levering.
  4. Ordninga gjeld alle typar av eigarlaust marint avfall, som ein har ordning for å kunne ta i mot på miljøsentralane.
  5. Det skal søkjast om refusjon på etterskot, mot kvittering på betaling for innlevert avfall.
  6. Det må leggjast ved ein omtale av kva område som er rydda, samt biletdokumentasjon av ryddinga

Årleg søknadsfrist er 1.11