Bio din bio

SIM lagar kompostjord av bioavfallet me får inn. Dette er eit godt produkt som me sel til våre kundar. Den seinare tida har me opplevd at mange butikkar reklamerer for posar og produkt som skal vera komposterbare. Desse produkta er ikkje godkjende i vårt kompostanlegg, med mindre dei er merka med EN 13432 eller ASTM D6400. Posane er òg godkjende om dei har dette stempelet på:

Dette er ein standard/godkjenning som medfører at produkta vert heilt brotne ned i eit komposteringsmiljø innan ei viss tidsramme, utan å etterlate skadelege restar. Me opplever ein stor auke i mange ulike bioposar som ikkje er godkjende i biodunkane. Dette er truleg mot betre vitande frå abonnentane si side, då ein kanskje har kjøpt produktet i god tru om at dei er komposterbare. Årsaka til at me ikkje kan nytte andre produkt er at dei etterlet seg plast i kompostjorda, då dei ikkje vert brotne ned i vår prosess.

Me vil av den grunn informere deg som kunde om at:

SIM sine maisposar med knytehank stempla som «SIM godkjent» er til sals ved alle våre miljøsentralar og ein del butikkar i Sunnhordland.

Dersom du som kunde vil nytte andre maisposar enn «SIM biobag» i biodunken, gjeld fylgjande:

  1. Posen må vera laga av maisstivelse (utan noko form for spor av plast) og eigna for kompostering. Slike posar skal vera tydeleg merka EN13432 eller ASTM D6400, anten på posen, på innpakninga, eller at leverandøren på anna måte garanterar for sertifisering.
  • Papirposar er lov, òg heimelaga posar av papir frå aviser og liknande, men ikkje lakka papir frå vekeblad, katalogar etc.
  • Posar laga utanfor Europa må vera godkjent/testa av SIM – der ein får eit skriftleg svar – før ein kan ta den i bruk.

På førehand takk for at du er med å bidra til ei god kompostjord frå SIM.

4. november, 2020 Publisert av Janne Hillersøy