Koronainformasjon frå SIM Les meir

Renovasjonsbilane er i rute

Renovasjonsbilane på rute går som normalt, slik at avfallet heime hjå deg vert henta. Me ber om at alle sorterar godt og sikrar at avfall hamnar på rett stad, slik at ein hindrar smittespreiing.

Dersom du har spørsmål er me tilgjengelege på telefon: 53 45 78 50 eller epost: sim@sim.as

For at me skal kunne halde våre tilsette friske og i stand til å oppretthalde normal drift ber me om at abonnentar og kundar tek omsyn til våre renovatørar og tilsette.

Råd i den samanheng er at du:
– Vaskar hendene grundig både før og etter at du trillar dunken.
– Vask av håndtaket på dunken og loket
– Sorter rett og sikrar at avfallet hamnar på rett stad, slik at ein unngår smittespreiing.
– Ikkje start rydding på loft og i kjellar, då våre miljøsentralar er stengde inntil vidare.

Føl elles FHI sine råd og retningsliner

Takk for at du er med på dugnaden og hjelper oss å halde hjula i gang.

20. mars, 2020 Publisert av Janne Hillersøy