Koronaspørsmål og svar

Vert dunkane tømde? 

  • Me tømer dunkane som vanleg etter rute, sjå tømmekalender eller app for kva tid din dunk skal tømast. 
  • Slamtømming skjer etter oppsett plan
  • Dersom det skjer store endringar vil abonnentane bli varsla


Kvar får eg informasjon frå SIM

  • Hovudsakleg vil informasjonen liggja på våre nettisder. Der oppdaterar me når det er noko som skjer. I tillegg vil me nytte app, facebook, sms og media dersom det skjer endringar som får konsekvensar for abonnentane.


Kvar får eg tak i nye sekker til plastemballasjen?

  • Du får ny sekk ved å knyte ein av dei siste (tomme) sekkene på papirdunken. Då legg sjåføren ut ein ny til deg. 

Er avfall smittefarleg?

  • I utgangspunktet er ikkje vanleg hushaldsavfall smittefarleg, men me ynskjer at du knyter posane godt igjen, og ikkje set avfall utanfor dunkane. 

Kva med sameige o.l som har fellesdunkar?

  • Det beste rådet er at sameiget passar på å halde berøringspunkt reine. Pass på at ein vaskar hendene godt både før og etter at ein kastar avfallet i dunken.

Spørsmål om miljøsentralane

Er miljøsentralane stengde?

  • Nei

Kan dei bli stengde?

  • Det vurderer me utfrå smittesituasjonen, både internt og i samfunnet forøvrig. Me stengjer dersom det vert vurdert som eit naudsynt tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset. Det å rydde på loft og i kjellar kan fint utsetjast til samfunnet er tilbake til ”normalen”. Både for hindre smitte til våre tilsette og for ikkje å leggje tilrette for at smitte kan oppstå blant innbyggjarane.

Er «Godt brukande» ope

  • Ja

Andre spørsmål 

Er kundemottaket ope?

  • Kundemottaket er ope og har telefontid frå 0900-15-00 alle kvardagar. 

Kva skjer dersom renovatørane vert sjuke eller må i karantene?

  • Renovasjon er definert som eit viktig samfunnsoppdrag, og henting av avfallet på hushaldsruta er ei oppgåve me har stort fokus på å oppretthalde. Me har fleire tiltak for dei ulike scenario som kan oppstå og jobbar kontinuerleg med beredskap og løysingar for slike situasjonar.

Må eg betale for hytterenovasjon om eg ikkje får bruke hytta?          

  • Renovasjongebyret er betaling for både infrakstruktur og tenester som vert gjort i alle SIM-kommunane. I den samanheng er det gjort investeringar og avtalar som ein lyt oppretthalde. Dette er tenester til abonnentane som ein ikkje kan leggje ned sjølv om hyttene ikkje er i bruk.

Kan eg starte ein ryddeaksjon?

  • Me oppmodar alle som vil rydda om å halde seg til dei nasjonale retningslinene for samling av folk
  • privatpersonar kan rydde på eiga hand, men dei må då oppbevare sekkene/avfallet heime på forvarleg vis til miljøsentralane opnar att.

Gode råd: 

  • Ikkje kjøp meir enn du absolutt treng
  • Ikkje lag meir mat enn du et opp
  • Reingjer all emballasje som skal kastast i plast eller glas/metall, slik at du unngår lukt og tiltrekking av skadedyr. 
  • Oppbevar sekken med plastemballasje inne om du kan
  • Press posen du har avfallet i, og som du MÅ kaste, godt saman
  • Ikkje fyll opp dunken med avfall du ikkje MÅ kaste dersom det skulle oppstå ein unntakstilstand
  • Plassèr dunken/sekken ein stad der det er minst sollys/varme. 
  • Har du farleg avfall, ta kontakt med SIM
  • Sorter godt og rett
20. mars, 2020 Publisert av Janne Hillersøy