Koronainformasjon frå SIM Les meir

Søknad om fritak/endring

Abonnentar i SIM- kommunane som meiner dei har grunn for det, kan søkja om fritak eller endring frå renovasjonsordninga og/eller slamtømmeordninga.

Årsaker
Årsaker som kan gje grunn for å innvilga søknaden, kan vera at huset skal rivast/er rive, at det skal stå tomt, at utleigeleilegheit ikkje skal nyttast, at huset skal nyttast til eige bruk, at huset skal nyttast som fritidsbustad – eller at fritidsbustad skal leigast ut.

Fritaksperiode
Fritaksperioden kan berre vera eit samanhengande tidsrom på mellom seks månader og to år.

Søknadsskjema
Søknad fritak/endring

For abonnentar som bur i Bømlo, Fitjar og Kvinnherad, send søknad til:
Sunnhordland Interkommunale Miljøverk
Meatjønnsvegen 43
5412 Stord
eller til sim@sim.as

SIM har ikkje forvaltninga i kommunane Austevoll, Stord, Sveio og Tysnes. Innbyggjarar i desse kommunane må senda søknaden til kommunen.