SIM si facebook- side vart lansert måndag 5. oktober og dermed har selskapet fått ein ny kanal der innbyggjarane/abonnentane kan nå oss.
Facebook vil bli brukt som ein informasjonskanal, men også ein kanal der terskelen for å ta kontakt med oss truleg er lågare enn dei tradisjonelle kanalane.
SIM skal framleis oppretthalde informasjonsarbeidet i allereie etablerte kanalar, som nettsidene våre og SIM- nytt- Facebook skal ikkje erstatte, men vera eit tillegg.
Facebook er ein kanal me kan spre informasjon om våre tenester og vårt fokus på ein lett og ikkje minst, gratis måte.
Her vil me dele nyttig informasjon om våre tenester, ordningane våre, miljørett atferd og resirkulering m.m.
Du finn oss ved å søkje på SIM eller SIMrenovasjon.
www.facebook.com/SIMrenovasjon