Vil du rydda ei strand?

Alle som vil rydda strender i ein SIM- kommune kan få sekker og levere gratis ved ein av SIM sine miljøsentralar. Lag og organisasjonar kan søkje om støtte til transport. Kravet for å vera med i ein aksjon er at stranda ein ryddar er offentleg tilgjengeleg og at ein melder seg på via våre nettsider. Etter påmelding får ein eit svar som bevis på at du kan hente og levere sekker på ein av våre miljøsentralar.

(Andre krav dersom ein søkjer transportstønad)

Hugs å sjekka med grunneigar om det er i orden at det vert rydda, og at området ein ryddar ikkje er verna. Vern om dyre og fuglelivet der ein ferdast, og vèr ekstra varsam i hekketida.

Lykke til med ryddinga.

Meld deg på vår ryddekasjon her