Gratulera Bømlo

Ordførar Odd Harald Hovland klypper «snora»:

Styreleiar Rune Sandvik gratulerar fyrste kunde Fredrik Røksund:

 

 

Flott underhaldning av flinke elevar frå 4. trinnet ved Svortland skule:

Engelsen Entreprenør gav SIM eit flott måleri av Stord kunstaren Per Flatøy, som takk for oppdraget. Her  representert ved Bernt Rune Vad og Alf Halland:

 

Etter den offisielle opninga var det kake- og pølser til alle:

Tysdag var ein merkedag for SIM, og Bømlo kommune. Då opna den nye miljøsentralen i Hollundsdalen. Ein sentral som skal gjera det lettare for innbyggjarane i Bømlo å opptre miljørett. Den offisielle opninga stod ordførar Odd Harald Hovland for.  Medan 4. trinnet ved Svortland skule opptrådte med song og dikt. Flinke elevar som med diktet «Kjøpevers» av Sidsel Mørck, minna oss om at me lyt tenkje på vårt forbruk.

Sentralen har kosta omlag 35 millionar kroner, og det var Engelsen Entreprenør som hadde oppdraget.

8. desember, 2016 Publisert av Janne Hillersøy