Det hadde vore fint og kunna trylla, men dessverre forsvinn ikkje bos i lause lufta. Men med felles innsats kan me sørgja for at mitt og ditt avfall blir samla inn på rett måte, slik at mest mogleg av det me kastar kan bli til noko nytt. Det er lite som skal til. Sjå filmasnuttane me har laga kor enkelt det er. Saman kan me skapa litt kvardagsmagi.