Svarte eller blanke sekker?

Du vert ikkje avvist om du kjem med svart sekk på miljøsentralen, men det kan vera sekken vert kontrollert.

Det har i media dei siste dagane vore omtala at Norsk Gjenvinning har forbod mot desse. I SiM er det heller ikkje «lov» og levere svarte sekker på våre miljøsentralar. Dersom ein kjem med svarte sekker så kan ein risikere at desse vert sjekka.

Når det gjeld den svarte ekstrasekken stiller den seg litt annleis. Den er å rekne som dunken din og den er heller ikkje gjennomsiktleg. Dette for at ikkje avfallet du kastar i heime skal liggje «synleg» langs veg.

5. september, 2019 Publisert av Janne Hillersøy