Framande planteartar

Planteartar som ikkje høyrer naturleg til i norsk natur, kan vera med på å true det biologiske mangfaldet på staden. Desse plantene må ikkje kastast i hageavfallet eller i biodunken. Dersom du har høve til det kan du kompostere det i eigen hage eller brenne dei (sjekk med brannvesenet og kommunen om reglar for brenning i hagen).

Dersom du skal levera dei til SIM kan du levere det som restavfall på miljøsentralen. Hugs at du må bruke gjennomsiktige sekker ved våre miljøsentralar.

Mindre mengder kan pakkast i ein plastpose og kastast i restavfallsdunken.


Døme på framande planteartar som skal brennast eller leverast som restavfall:

  • Hagelupin
  • Kjempespringfrø
  • Kjempebjørnekjeks (Tromsøpalme)
  • Parkslirekne
  • Landøyda
15. august, 2023 Publisert av Janne Hillersøy