Feil om gjennomsiktlege sekker

Du vert avvist om du kjem med ugjennomsiktig sekk på miljøsentralen,

Hjå SIM får du ikkje levere ugjennomsiktlege sekker på miljøsentralane.

I SIM nytt som nyleg vart sendt ut var det kome inn ein feil opplysning, der det vart opplyst om at ein fekk opne sekken og sortere på miljøsentralen dersom ein kom med ugjennomsiktige sekker. Det er ikkje slik me praktiserer det lenger, den praksisen galdt i ein overgangsperiode.

Dersom du no kjem med ugjennomsiktlege sekker vil du bli sendt bort frå miljøsentralen for å pakke om.

Årsaka er det er lettare å “lure” farleg avfall og EE-avfall inn i ein ugjennomsiktleg sekk, enn i ein gjennomsiktig sekk. Dette er avfall som både er skadelege for miljøet og medfører ein svært stor brannrisiko. Denne typen avfall må handsamast på andre måtar enn restavfallet.

Det er GRATIS å levera EE-avfall og farleg avfall på alle våre miljøsentralar. EE-avfall kan du òg levera inn på butikkar der du får kjøpt tilsvarande varer.

Svart ekstrasekk
Når det gjeld den svarte ekstrasekken stiller den seg litt annleis, den som er merka “Ekstrasekk for restavfall”. Denne sekken er svart avdi den er å rekne som dunken din, og dunken er heller ikkje gjennomsiktleg. Årsaka til det er at ikkje avfallet du kastar heime skal liggje «synleg» langs veg. Ekstrasekken kan kjøpast på våre miljøsentralar eller i kundetorget og kan setjast ut på tømmedag for restavfallet. I sekken skal det ikkje kastast farleg avfall eller EE-avfall, på lik linje med det du kan kaste i restavfallsdunken. Slikt avfall skal leverast på miljøsentralen.

Takk for at du er med og bidreg til ein trygt miljø for alle!

11. november, 2024 Publisert av Janne Hillersøy