Sender foreldra på romantisk Tysnes-tur

Ole Lønning var den lukkelege vinnaren hovudpremien i julekalenderen til SIM i fjor, men premien – den syntest han foreldra fortente som julegåve.

Blant alle deltakarane i fjorårets julekalender på Facebook-sida til SIM, var det 16 år gamle Ole Lønning frå Fitjar som sikra seg hovudpremien: Middag og overnatting på Haaheim Gaard på Tysnes.

– Kjempekjekt å vinna. Dette hadde eg ikkje trudd. Men eg tenkte at det sikkert var kjekkare for mamma og pappa å reisa, og vipps hadde eg ein flott julepresang å gi dei, fortel Ole.

Foreldra var sjølvsagt strålande fornøgde med gåva.

– Me har booka oss inn no i slutten av november og gler oss veldig til eit flott opphald. Ein super julepresang, synest pappa Kjetil og mamma Liv Mari.

Responsen på fjorårskalenderen var så god, at dette har me lyst til å gjera igjen. 1. desember er me difor klare med opning av den aller første luka i julekalenderen for 2018. Vil du vera best mogleg rusta til å svara på spørsmåla, kan du allereie no byrja å pugga SIM-fakta og lesa deg opp på tema som kvernar rundt avfall.

Kva du kan vinna ved å svara rett, blir opplyst når kalenderen startar opp på www.facebook.com/SIMrenovasjon/.

30. november, 2018 Publisert av Janne Hillersøy