MERKING AV EMBALLASJE

Somme tider er det motstridande informasjon om korleis emballasje skal kastast. Nokre produkt kan vera merka med «Sorteres som plastemballasje», sjølv om dei ikkje skal det. Eit typisk døme på dette er plastemballasje som er belagt med folie (blank). Denne skal ikkje sorterast som plastemballasje, slik emballasje skal kastast i restavfallet.

Årsaka er at anlegga som tek i mot plasten ikkje kan bruke denne typen plast i sin gjenvinningsprosess. Det vert jobba mot produsentar for å få dei til å merke produkta sine rett, eller for å få dei til å lage emballasje som er tilpassa gjenvinningsprosessen. Fleire produsentar har allereie endra sin merkepraksis, men dette tek litt tid. Noko av  problemstillinga i ein slik prosess er at det som regel er produsert opp emballasje for lang tid framover, og denne må brukast opp før dei kan ta i bruk den nye (med den nye merkeordninga).

20. november, 2018 Publisert av Janne Hillersøy