Gratis levering av framande planteartar

Planteartar som ikkje høyrer naturleg til i norsk natur, kan vera med på å true det biologiske mangfaldet på staden. Desse plantene må ikkje kastast i hageavfallet eller i biodunken. Dersom du har høve til det kan du kompostere det i eigen hage eller brenne dei (sjekk med brannvesenet og kommunen om reglar for brenning i hagen).

Dersom du skal levera dei til SIM er dette rekna som hageavfall, og sidan hageavfall er gratis å levera hjå SIM er dette kosntadsfritt for deg som kunde å levera.

MEN; avfallet må leverast i godt pakka, gjennomsiktige, tette, sekker. Sekken(e) skal leverast som restavfall på miljøsentralen. (Må ikkje leverast i plastemballasjesekken! Den er berre til plastemballasje og den er perforert)

Mindre mengder kan pakkast godt inn i ein plastpose og kastast i restavfallsdunken.


Døme på framande planteartar som skal brennast eller leverast som restavfall (hageavfall):

  • Hagelupin
  • Kjempespringfrø
  • Kjempebjørnekjeks (Tromsøpalme)
  • Parkslirekne
  • Landøyda
28. mai, 2024 Publisert av Janne Hillersøy