Abonnentens ansvar, rettar og plikter

  • Abonnenten skal syta for at anlegga som skal tømmast er lett tilgjengelege for slamtømmebilen.
  • Abonnenten må grava fram alle lok som ikkje ligg oppe i dagen, og evt. fjerna snø og is.
  • Slamavskiljaren skal påførast merkelapp med gards- og bruksnummer, gjerne i ein pose. Avskiljaren bør òg merkjast med ein pinne e.l., slik at renovatøren lett kan finna fram.
  • Dersom abonnenten nektar renovatøren å koma til slamavskiljaren eller den tette tanken, vert tømminga rekna for utført og abonnenten må betala for tilbodet.
  • Renovatøren har rett til å plassera naudsynt utstyr på eigedomen for å få gjennomført tømminga. Han har òg løyve frå kommunen til å levera vatn frå slambilen til kommunale kloakkummar.
  • Renovatøren er ansvarleg for skade på gjerde, veg m.m. som følgjer av tømminga.

Om varsling

Kunden skal bli varsla om tømming i god tid, slik at han kan gjera nødvendige førebuingar.

Om skade på privat eigedom

Dersom renovatøren skulle påføra private vegar, gjerde, hekkar og liknande skade under slamtømminga, plikta­r han å setja dette i stand for eiga rekning. Dette gjeld ikkje dersom vegeigar, bruksrettsinnehavar eller vegstyre har påteke seg dette ansvaret. Ved skade må huseigar melda frå så snart som råd (sjå kontakt­informasjon på baksida av bladet).

Naudtømming

Ekstratømming utanom ordinær rute kan tingast hjå SIM. Slik tømming vert fakturert for seg. Gjeldande pris for naudtømming går fram av SIM sin nettstad www.sim.as. SIM garanterer at tanken skal vera tømt seinast 24 timar etter at naudtømming er bestilt.

Spyling av tette røyr

Det er råd å tinga spyling av tette røyr. Les meir om dette under Problem og løysingar.