Problem og løysingar

Slamtank er full

Ta av loket og sjekk om det er mykje fast slam/masse på toppen­. Kontakt i så fall firmaet som tømmer­ slam for SIM (sjå kontakt­informasjon nede på denne sida).

Røyra mellom huset og tanken er tette

Dette kan løysast ved å spyla gjennom røyra. Firmaet som tømmer slam for SIM kan gjera denne jobben. Tette røyr kan skuldast at det ikkje er rett fall på røyra, mykje papir, manglande dykk, eller at det ikkje er bend på innløpsrøyret som fører ned i tanken.
For dei som har infiltrasjonsgrøft er det viktig at slamtanken vert tømt regelmessig. Grøfta kan gå tett dersom det går mykje partiklar ut av tanken. Dermed får ikkje spillvatn frå slamtanken komma ut. Dersom nivået i slamtanken står høgare enn utløpsrøyret, kan det tyda på at utløpsrøyret er tett.

Kloakklukt i huset

Etterfyll vasslåsane i vaskar og slukar. Vasslåsane kan tørka ut på grunn av varmekablar eller lite bruk. Dersom du fyller t.d. matolje i slukane vil olja leggja seg som ei hinne over vatnet og forseinka fordampinga frå vasslåsen.

Kloakklukt utomhus

Kontroller om det er montert lufting av kloakken i huset. Lufting av kloakk går normalt over tak. Ved spesielle vêrtilhøve kan lufting over tak føra til vond kloakklukt sjølv om luftinga fungerer. Dersom det er tilfelle, kan ein ta av røyret i luftehatten og montera ein spesialventil. Ein slik ventil tilfører nødvendig luft ved tapping og liknande og hindrar luktutslepp. Kontakt røyrleggjar for nærare informasjon.

Ekstratenester

Tenester utover ordinèr tømming er ikkje ein del av abonnementet. Desse lyt ein betale ekstra for.