Bio

ORDNING: Henteordning

NB! Ein skal berre bruka posar som kan komposterast, t.d posar av papir eller mais.

For å vera sikre på at alle våre kundar nyttar rett pose til bioavfallet har SIM innført «gratis» utdeling av bioposar til eige forbruk. Tidlegare måtte abonnentane kjøpe slike posar sjølv, men grunna aukande bruk av feil posar dei siste åra, har ein no lagt inn denne kostnaden på gebyret. 
Ordninga gjeld berre for våre abonnentar som har biodunk. 

 

Ordninga er slik :

  • Alle får utdelt maisposar på rullar ved alle SIM sine miljøsentralar. Ein må oppgje adressa abonnementet er registrert på før ein får rullen.
  • Ein kan `og knyta ein tom maispose på PAPIR dunken og få utdelt ein rull med maisposar. Dette gjeld berre abonnentar med biodunk.
  • Det er berre på papridunken ein får utdelt posar frå SIM, anten det er sekker til plastemballasje eller bioposar.

JA TAKK:

  • Matrestar av alle slag
  • Kaffigrut, kaffifilter, teposar
  • Eggeskal, restar av reker og andre skaldyr
  • Visne blomar, gamle potteplanter (utan potte!)
  • Lauv, hageavfall, sagflis
  • Kjøkenpapir, papirserviettar
  • Eggekartongar, mindre mengder
    avispapir
  • Bein, fjør

NEI TAKK:

  • Glas
  • Plast
  • Metall
  • Drikkekartongar
  • Farleg avfall
  • Elektrisk- og elektronisk avfall (EE)
  • Impregnert eller måla trevirke
  • Slakteavfall
  • Bleier
  • Hundeposar