Tips til biodunken

  • IKKJE bruk posar av plast i dunken. T.d. handleposar frå REMA, KIWI, MENY osv
  • Glas og metall skal IKKJE i biodunken.
  • Unngå varm mat/smør i bioposen, dette svekkjar kvaliteten på posen
  • Ta heile biospannet med deg når du skal tøme den i dunken, så unngår du at posen revnar

VINTERDUNKEN

Her er våre tips når kulda set inn:
Bioposane kan fryse fast om dei er våte og for å unngå dette kan du prøve nokre av desse råda:

  1. Legg litt papir i botnen av posen for å trekke opp fuktighet.
  2. Bruk eit spann/korg med god gjennomlufting. Dette gjer at fukt fordamper lettare og dette blir så tørt som mogleg før det hamnar i dunken ute.
  3. Har du flytande matavfall, så hell det på kartong. Kartongar kan kastast i matavfall når dei blir brukte til dette føremålet.
  4. Legg ein eggekartong i botnen av biodunken. Dette vil hindre posen å fryse fast.
  5. Ein neve salt i botnen av biodunken kan gjere same nytta.
  6. La dei første bioposane stå ute nokre timar, slik at desse frys før dei kjem i dunken. (Husk å dekkje til posen når den står ute, så ikkje dyr kjem til).

    Andre ting som er greitt å hugse på rundt renovasjon når det nærmar seg jul: Tenk på renovatøren.
    Dei tømer fleire hundre dunkar på ein dag og set stor pris på at det er ferdig måka og strødd når dei kjem.