Om kjeldesortering

Avfalls-symbol (ny merkeordning)

Nasjonalt er det no lansert eit nytt, felles merkesystem for sortering og gjenvinning. Mange kommunar og verksemder har allereie teke dei nye merkene i bruk.

Hente- og bringeordningar

For å gjera det enkelt å kjeldesortera, har SIM innført eit hente- og bringesystem.

Henteordning:
SIM hentar matavfall, papiravfall, plastemballasje, restavfall og glas-/metallemballasje hos deg.

Bringeordning:
Resten av avfallet må du sortera og bringa til ein miljøsentral eller eit returpunkt for glas- og metallemballasje i nærleiken av der du bur.

Kvifor sortera?

Dei sju kommunane som eig Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS har vedteke at alle innbyggjarane i kommunane skal kjeldesortera hushaldsavfallet sitt. Miljøutfordringane veks og forskning viser at forbruk av naturressursar og energi, med påfølgjande utslepp, medverkar til klimaendringar og spreiing av miljøgifter.

Aukande forbruk resulterer i veksande avfallsmengder og analyser viser at materialgjenvinning gir miljøfordeler samanlikna med forbrenning eller deponering av avfall. Avfall er ressursar på avvege. Auka kjeldesortering gjev auka gjenvinning og mindre avfall. For at me skal kunne gjenvinne avfallet, er me avhengige av kjeldesortering.

Nyttar kjeldesortering?

Det er mykje mindre ressurskrevjande å laga eit nytt produkt av resirkulerte materialar, enn å laga produktet av nye råstoff.

Døme på dette kan vera produksjon av glas, som er svært energikrevjande. Ved å laga nytt glas av resirkulert glas, reduserer ein energibehovet i produksjonsprosessen med opptil 90 prosent.

Alt avfall som vert kjeldesortert i SIM-området, og som kan brukast om att, vert brukt om att; anten som råstoff for nye produkt eller som energi.

Bransjeavtalar

Det er etablert fleire landsfemnande system for innsamling av avfall til gjenvinning, såkalla bransjeavtalar. Dette er avtalar som er inngått mellom dei ulike bransjane og Miljøverndepartementet. Avtalane inneheld klare mål for kor mykje av avfallet innanfor ein bransje som skal samlast inn og gjenvinnast. Ordningane vert delvis finansiert gjennom miljøgebyr, dvs at du som kunde må betala litt ekstra når du kjøper nye produkt.

Det er inngått bransjeavtalar for drikkekartong, emballasjekartong, hermetikk, glas (friviljug avtale), EE-avfall, plast, brunt papir, blybatteri og metallemballasje.

Det er kvar enkelt bransje sitt ansvar å organisera returordningane og oppfylla gjenvinningsmåla for sin bransje.