Nasjonalt er det lansert eit nytt, felles merkesystem for sortering og gjenvinning. Mange kommunar og verksemder har allereie teke dei nye merkene i bruk.
Tydelegare og felles symbolbruk har vore etterlyst og er eit viktig grep for å gjera det lettare for alle å sortere rett. Tidlegare har det vore opp til kvar enkelt kommune å ta stilling til kva fargar og symbol ein skal nytte i kommunikasjonen til innbyggjarane, med det resultatet at ein har ulike fargar og merker i heile landet, “og på emballasje. Den nye ordninga legg opp til at forbrukar skal kunne kjenne att merkene for kjeldesortering anten det er heime, på jobb, i det offentlege rom, på miljøsentralen eller på emballasje. Felles farge- og symbolbruk nasjonalt er eit konkret tiltak som vil bidra til å nå måla om auka materialgjenvinning
SIM-merking
For innbyggjarane i SIM sitt område vil dette bety at ein vil finne dei nye symbola i trykksaker og på digitale flater. Etter kvart vil ein innføre det på miljøsentralane. SIM kjem ikkje til å byte ut loka på alle dunkane, då dette er eit godt innbarbeidd system i våre kommunar, og det ville blitt eit svært dyrt og lite miljøvennleg tiltak.