Avfalls-symbol
Nasjonalt er det i Noreg eit felles merkesystem for sortering og gjenvinning slik at ein skal kjenne att dei ulike symbola/merkene uavhengig av kvar i landet ein bur eller oppheld seg.
Hente- og bringeordningar
I SIM har ein eit hente- og bringesystem.
Henteordning:
SIM hentar matavfall, papiravfall, plastemballasje, restavfall og glas-/metallemballasje “heime” hos deg.
Bringeordning:
Resten av avfallet må du sortera og bringa til ein miljøsentral. I tillegg må dei som har hytteabonnement bringa avfallet til eit returpunkt for hytter.
Kvifor sortera?
Dei sju kommunane som eig Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS har vedteke at alle innbyggjarane i kommunane skal kjeldesortera hushaldsavfallet sitt. Miljøutfordringane veks og forskning viser at forbruk av naturressursar og energi, med påfølgjande utslepp, medverkar til klimaendringar og spreiing av miljøgifter.
Aukande forbruk resulterer i veksande avfallsmengder og analyser viser at materialgjenvinning gir miljøfordeler samanlikna med forbrenning eller deponering av avfall. Avfall er ressursar på avvege. Auka kjeldesortering gjev auka gjenvinning og mindre avfall. For at me skal kunne gjenvinne avfallet er me avhengige av kjeldesortering.
Nyttar kjeldesortering?
Det er mykje mindre ressurskrevjande å laga eit nytt produkt av resirkulerte materialar, enn å laga produktet av nye råstoff.
Døme på dette kan vera produksjon av glas, som er svært energikrevjande. Ved å laga nytt glas av resirkulert glas, reduserer ein energibehovet i produksjonsprosessen med opptil 90 prosent.
Alt avfall som vert kjeldesortert i SIM-området, og som kan brukast om att, vert brukt om att; anten som råstoff for nye produkt eller som energi.
Bransjeavtalar
Det er etablert fleire landsfemnande system for innsamling av avfall til gjenvinning, såkalla bransjeavtalar. Dette er avtalar som er inngått mellom dei ulike bransjane og miljøstyresmaktene. Avtalane inneheld klare mål for kor mykje av avfallet innanfor ein bransje som skal samlast inn og gjenvinnast. Ordningane vert delvis finansiert gjennom miljøgebyr, dvs at du som kunde må betala litt ekstra når du kjøper nye produkt.
Det er inngått bransjeavtalar for drikkekartong, emballasjekartong, hermetikk, glasemballasje, EE-avfall, plastemballasje, brunt papir, blybatteri og metallemballasje.
Det er kvar enkelt bransje sitt ansvar å organisera returordningane og oppfylla gjenvinningsmåla for sin bransje.