Rydd i nærmiljøet

Rydd i nærmiljøet er SIM sin årlege ryddeaksjon

SIM inviterer friviljuge med på ryddeaksjon i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Aksjonen varer heile året, og avfallet som vert samla inn kan leverast kostnadsfritt på SIM sine miljøsentralar.

Kven kan vera med?

  • Velforeiningar
  • Burettslag
  • Grupper av friviljuge som ynskjer å rydda område
    som andre ikkje har plikt til å rydda etter forureiningslova

Kven kan IKKJE vera med?

  • Offentlege etatar, medrekna alle kommunale einingar
  • Næringsverksemder
  • Arrangør av tilstelling

Døme på område som kan ryddast

  • Buområde
  • Nærområde
  • Turstigar
  • Skogsteigar
  • Strender som kommunen ikkje har ryddeavtale for

Kva skjer etter påmelding?

SIM avgjer først om tiltaket er innanfor føremålet til ryddeaksjonen.
Dersom det er det, sender SIM bossekker til den som er ansvarleg for tiltaket.Dette er spesielle, grøne sekker som kun kan nyttast i ryddeaksjonen.

Kva kan kastast i sekkene?

Mesteparten av avfallet du finn i ryddeområdet.Grovavfall, farleg avfall og elektrisk- og elektronisk avfall (EE) skal IKKJE i sekkene.Dette skal leverast til miljøsentralen på vanlege vilkår.

Er det råd å få betaling for å rydda?
Ja. Dersom aksjonen kjem inn under SIM sitt tiltak «Strandrydding». Elles er SIM sitt bidrag å ta mot avfallet og dekka kostnadene med etterbehandling av det.

Kva seier forureiningslova om ryddeansvar?
Eit av hovudprinsippa i forureiningslova er at den som produserer avfallet skal betala for avfallsbehandlinga. Lova slår vidare fast at det er vegeigar som har ansvar for rydding langs veg. Den som driv daglegvarehandel, kiosk, bensinstasjoneller liknande skal setja opp boskorger på sitt område,
sørgja for at dei vert tømde og elles halda området ryddig. Arrangør av tilstellingeller stemneskal sørgja for opprydding etter arrangementet. Dersom ikkje andre eigarar/etatar har ansvar for det, skal kommunen setja opp boskorger på utfartsstader og andre sterkt besøkte offentlege stader. Den som har ansvar for å setja opp boskorgene, skal også tømma dei og sørgja for at området er ryddig.

Sist oppdatert: 25. mars 2014