Rydd ein sti

SIM er oppteken av at naturen rundt oss er rein og fin. Me ynskjer at minst mogeleg avfall skal hamna i naturen vår og me veit at folk generelt sett er flinke til å rydde opp etter seg, når ein er ute i skog og mark. Men er me me like flinke til å ta ansvar for det me ikkje sjølv har kasta frå oss? Det beste er sjølvsagt at alle ryddar opp etter seg, og det kan vera ulike årsaker til å bos hamnar i naturen. Det SIM ynskjer er å motivera alle slik at ein og kan ta ansvar for avfall ein ikkje sjølv er årsaka til. SIM ynskjer å stimulere til slik handling gjennom å bidra med sekker dersom nokon ynskjer å rydde turstiar.

Dersom ein oppdagar større mengder forsøpling av naturen, oppmodar me folk om å melde frå til SIM om dette. Det kan du gjere her