Heiane blomst

Ledig stilling

Me søkjer: Operatør/kundehandsamar

Om stillinga:

  • maskinkøyring (t.d hjullastar, gravemaskin og kompaktor)
  • medverke til drift og utvikling av deponiet
  • drift av miljøsentral (ein dag per veke)
  • generelt vedlikehald og ryddearbeid
  • på anlegga
  • mottakskontroll
  • avviksrapportering

Du har:

  • maskinførarsertifikat
  • førerkort for bil (klasse B)
  • noko datakunnskap
  • god ordenssans
  • stå-på-vilje og godt humør
  • evne til å arbeide strukturert
  • gode samarbeidsevner
  • interesse for å utvikla deg i jobben

Du er:

  • sjølvstendig, målretta, fleksibel og løysingsorientert
  • ein person som trivest i møte med kunden, og i eit hektisk arbeidsmiljø
  • villig til å ta nødvendig opplæring

Me kan tilby:

  • 100 % stilling
  • eit godt arbeidsmiljø
  • utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • løn etter kvalifikasjonar

Nærare opplysningar får du ved å kontakta driftsleiar Malvin Helland Andahl: telefon 982 10 051 / malvin@sim.as.

Arbeidsstad vil i hovudsak vera i Svartasmoget, Fitjar, men andre lokalitetar er aktuelle ved behov. Til dømes kompostanlegg og omlastehall (Stord).

Send søknad med CV til: sim@sim.as.

Søknadsfrist: 3. april 2025

Me gjer merksam på at søkjarar kan bli ført opp på offentleg søkjarliste, sjølv om ein har bedt om anonymitet, men dette vil du bli varsla om.