Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) er eit avfalls- og gjenvinningsselskap.
Eigarkommunar
SIM er eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
Ansvarsområde
Selskapet er ansvarleg for avfallshandsaminga i eigarkommunane,
og samlar inn alt hushaldsavfall og slam frå dei om lag
60 000 innbyggjarane og 15-20 000 hyttebrukarane i regionen.
Hovudmål for selskapet
Med basis i vedtektene og dei kommunale renovasjonsforskriftene
arbeider SIM for å redusera den totale avfallsmengda, skapa ressursar
av det avfallet som oppstår i regionen, og ta forsvarleg hand om restavfallet. Me jobbar etter prinsippa i avfallspyramiden
Skipa i 1990
SIM vart skipa i 1990 av kommunane Bømlo, Fitjar, Stord og Tysnes.
Føremålet var å organisera handsaminga av avfall i desse kommunane.
Frå og med 1993 kom også Austevoll, Kvinnherad og Sveio med i selskapet.
SIM sitt avfallsanlegg i Svartasmoget i Fitjar opna i 1993. I Svartasmoget
finn ein deponi for slutthandsaming av avfall, komposteringsanlegg,
miljøsentral (gjenvinningsstasjon). På Heiane i Stord kommune, held administrasjonen til.
Der er det òg omlasteanlegg og miljøsentral.
Sorterer i fem fraksjonar
Innbyggjarane i eigarkommunane har sidan 1998 sortert hushaldsavfall i tre dunkar:
Papir, bio og rest. I 2018 starta ein innsamling av plastemballasje i sekk og i 2019 starta
ein innsamling av glas og metallemballasje i dunkar. Avfallet vert henta på avtalt stad der folk bur.
Bringeordningar
Ei bringeordning inneber at innbyggjarane må ta med seg avfallet sitt sjølv til eit returpunkt og sortera det for gjenvinning.
SIM har bringeordning for hytteavfall.
Miljøsentralen
Miljøsentralen (gjenvinningsstasjonen) er det viktigaste returpunktet.
SIM har sju miljøsentralar; ein i kvar av eigarkommunane.
På miljøsentralen kan folk levera farleg avfall, elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall),
trevirke, metall, plastemballasje, folieplast, hageavfall, glas, hermetikkboksar,
dekk, pcb-haldige vindauge, batteri, papir, bioavfall m.m.
Som ein hovudregel er dette avfall ein ikkje har lov til å kaste, eller ikkje har plass til, i dunken.
Ta kontakt med oss for mer informasjon eller spørsmål du måtte ha.