Nytt system – betaling per utsetjing

I løpet av februar 2026 startar me opp med merking av dunkane dine. Dette vil skje anten heime hos deg, eller når dei er sett ut på tømmedag. Årsaka er at me frå 2027 innføre eit nytt system for rest- og bioavfallet. Systemet vil medføre at dunkane dine vert vegt og registrert.

Sjølv om me skal vege dunken din så skal me ikkje ta betaling etter vekt. Veginga er datagrunnlag og informasjon for SIM. Du som abonnent skal betale for kvar gong du set ut restavfallsdunken. Dette vil medføre meir rettferdig betaling ut frå kva du kastar, betre sortering, mindre restavfall, altså at kvar abonnent betalar meir rettferdig for eige avfall. Det ser me frå erfaringar frå liknande selskap som har gjort det same.

I fyrste omgang er viktig for deg at SIM har rett informasjon om kva dunk som høyrer til kva abonnement.
Me ber deg difor om:

  • Logg inn på Mitt SIM via sim.as/mitt-sim
  • Sjekk at dunknummeret som står på abonnementet ditt stemmer med dunknummeret på dunkane dine
  • Dersom dunknummeret ikkje stemmer, sjekk om du har bytt dunk med naboen. Dersom du ikkje finn rett dunk/dunken din, meld frå til SIM
  • Dersom du ikkje finn dunknummeret, eller at det er uleseleg på dunken, vil SIM merke dunken med rett dunknummer
  • Dersom du er ein del av eit borettslag eller eit sameige så er det leiaren i borettslaget som må sjekke dunkane på Mitt SIM.
  • Dunkane dine blir merkte med chip og adresse
  • Feil nummer kan føre til feil rekning
  • Du kan få avvik som ikkje er ditt
  • Du får ikkje nye dunkar – du skal ha dei same dunkane i det nye systemet
  • Det er viktig at dunknummeret stemmer med abonnementet ditt (sjå topploket etter nummer)
Bilete av topplokket til brun biodunk

Spørsmål og svar

Kva er nytt?

  • SIM startar i 2027 med å registrere og vege restavfalls- og biodunkane dine. Det er difor viktig at du har rett nummer på dunken din.
    Sjå over for informasjon om korleis du sjekkar dette, og/eller logg deg på Mitt SIM via sim.as/mitt-sim
  • Du betalar i større grad for restavfallet du faktisk kastar
  • Færre tømmingar av restavfallet = lågare kostnad
  • God sortering blir «premiert»
  • Restavfall blir dyrare å handtere
  • Fakturering etter den nye ordninga startar i 2028

Kvifor informerer de om dette allereie no?

Årsaka til at me allereie no informerer deg som abonnent er at me vil starte merking av dunken din allereie frå februar i år, slik at me vert ferdige til oppstarten i 2027.

Kven skal merke dunkane?

Merkinga vil gjennomførast av renovatørane våre og dei vil vera kledde i arbeidsklede med SIM logo og profil og dermed lette og kjenne att.

Kva skal eg som abonnent gjere?

I denne fasen er det viktigaste du som abonnent kan gjere er å logge deg inn på MittSIM (lenke/kode) og sjekke at dunknummeret som er knytt til ditt abonnement, stemmer med det som står på dunkane dine.

Nummeret finn du på loket og ved å logge deg inn på MittSIM.

Kvifor er det viktig at dette er rett?

Årsaka til at desse nummera må vera rette er at det nye systemet vil registrere antal gonger dunken din er tømt, og det vil registrere om det er avvik på dunken din. Dersom dette ikkje stemmer kan du risikere og få nokon andre si rekning eller nokon andre sitt avvik.

Kva gjer eg om nummeret ikkje stemmer?

Då kan du sjekke med naboar om de har teke feil dunkar, dersom du ikkje finn «din» dunk må du melde frå til SIM, anten via MittSIM, på epost eller telefon.

Kva om eg bur i eit burettslag/sameige?

Då er det leiar i burettslaget som har tilgang til MittSIM og kan sjekke dunkane,

Kva vil dette ha og seia for gebyret?

Me er no heilt i oppstarten av prosjektet og endelege tal må kvalitetssikrast før full gjennomføring. Som i resten av renovasjonsordninga vil kostnadene bli dekte gjennom renovasjonsgebyret. Renovasjon blir drive etter sjølvkostprinsippet, noko som betyr at gebyra skal dekke faktiske kostnader, ikkje gi overskot. SIM er blant dei rimelegaste selskapa i landet med tanke på gebyrkostnadar.

Vil det bli dyrare for meg som abonnent?

Dersom ein husstand set ut restavfallet kvar gong det er tømming, vil det kunne koste meir enn i dagens ordning. Årsaka er at i dag er restavfallet inkludert i eit fast gebyr med 26 tømmingar i året. Det vil seia at sjølv om du har mykje eller lite avfall så betaler du det samme, kostnaden vert delt likt på “alle”, med storleik på dunken som einaste prisdifferanse.

Den nye modellen legg opp til at du skal betale per gong du set ut restavfallsdunken, inntil 26 gonger årleg, og  ordninga legg dermed opp til ein større samanheng mellom det ein betalar, og den faktiske kostnaden for avfallet ein har levert .  

Hensikta med ordninga er å motivere til betre sortering og mindre restavfall. Betre sortering gir lågare kostnad for den enkelte og meir materialgjenvinning.
Endelege satsar blir vedtekne av kommunane før oppstart. 

Kva om det no vert masse bålbrenning og kasting av bos andre stader?

Det å brenne restavfall eller drive med forsøpling er ulovleg og eit brot på Forureinigslova. Det å vera ueinig i noko, anten det gjeld høve prisar eller feil fartsgrenser, rettferdiggjer ikkje at ein kan bryte lover og reglar i samfunnet. 

Kva om naboen byrjar å kaste avfall i min dunk?

SIM kan ikkje ta ansvar for korleis naboskapet i eigarkommunane fungerer. Det å snylte på andre sine dunkar og late andre betale for det ein sjølv har valgt å kjøpe og kaste, vitnar om dårleg dømmekraft. 

Skal me få nye dunkar?

Nei, du skal ha dei same dunkane, ikkje færre, ikkje fleire.

Kvifor gjer de dette?

Stadig strengare nasjonale og internasjonale krav om å få meir av avfallet til materialgjenvinning fører til at me må gjennomføre tiltak for å nå desse måla.

Samstundes medfører ordninga ei meir rettferdig betaling, der du i større grad betalar for kostnaden som er knytt til restavfallet du faktisk leverer, i staden for at alle betalar like mykje uavhengig av kor ofte dunken vert tømd.

Korleis kan dette systemet føre til betre sortering?

SIM har ansvar, på vegner av kommunane, å innfri nasjonale og internasjonale krav når det gjeld grad av materialgjenvinning, Plukkanalysar me har gjennomført viser at berre om lag ein tredel av det som ligg i restavfallet faktisk er restavfall. Det vil seia at me må gjennomføre tiltak for og få folk til å sortere betre. Gjennom dette systemet vil det vera eit økonomisk insentiv for å sortere godt. Du kan setje ut restavfallsdunken sjeldnare ved å sortere bedre eller kaste mindre, dersom du allereie er god på sortering. 

Det å bruke betaling som motivasjon for og få mest mogeleg av avfallet i rette dunkar, veit me fungerer i andre renovasjonsselskap, som har innført dette systemet. SIM sin plukkanalyse frå 2025 viste at 2/3 deler av det som var kasta i restavfallet kunne vore kasta i andre ordningar. Det viser at me har eit stort potensiale til å få meir avfall ut av restavfallet og opp i dei andre sorteringsordningane.

Kva skjer dersom eg feilsorterer?

Det systemet er som i dag. Fyrste gong vil du få ein gul lapp på dunken din, men den vil bli tømt. Dersom feilsorteringa gjentek seg vil du få ein raud lapp på dunken og den vil ikkje bli tømt.

Gå gjerne inn på sortere.no dersom du er i tvil om korleis du skal sortere.

Kva om systemet blir misbrukt?

SIM har stor tillit til at våre abonnentar brukar systemet rett. Det vil seia at; 

  • Dunken skal ikkje vere overfylt, og loket skal liggje flatt på dunken.
  • Du kan ikkje stå over og ha overfylt dunk neste gong, dette vil bli merka som avvik. Bruk av strikk eller anna for å halde loket på plass på ein overfylt dunk skal ikkje forekomma.

Det er ikkje tillate å redusere sitt eige restavfall ved å kaste det som høyrer i restavfallet i andre avfallstypar. Det øydelegg vidare behandling av det som skal gjenvinnast. Dersom ordninga blir misbrukt, kan du få ei avviksmelding frå renovasjonen. Grov feilsortering kan føre til raud lapp med det same og at avfallet ditt ikkje blir tømt.
set å få på plass merking, og me kjem tilbake med meir informasjon når løysinga er avklart.