Stord

Stord kommunestyre vedtok i oktober 2025 at forvaltning og fakturering av dei kommunale tenestene innan renovasjon og slamtømming vil bli handtert av Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) på vegne av Stord kommune, på samme måte som ein fakturerer for fem av dei andre eigarkommunane.

Kva betyr det for deg som abonnent?

  • Tenestetilbodet blir som før
    SIM vil halda fram med å levera tenestene som før. Hovudforskjellen er at no skal all kommunikasjon knytt til renovasjon og slam gå direkte til SIM. Faktura for tenestene vil bli sendt frå SIM på vegne av Stord kommune.
  • Elektronisk (førstegongs) faktura – eFaktura
    For å sikre at du mottar eFaktura, er det viktig at du aktiverer “Ja takk til alle” i din nettbank eller mobil betalingsapp, som for eksempel Vipps eller mobilbanken din. Dette gjer du ved å velja alternativet «ja takk til alle» i eFaktura-innstillingane.

    Dersom kontaktinformasjonen SIM har er tilstrekkeleg vil den første fakturaen du får vera elektronisk. Dersom informasjonen er utilstrekkeleg, vil den første fakturaen komma på papir.
  • Oppretting av AvtaleGiro og eFaktura

Avtaler som er gjort med kommunen vil ikkje bli vidareført til SIM. Det er difor naudsynt å oppretta ny AvtaleGiro med SIM.  Ynskjer du detaljert oversikt over fakturaen, så må ein opprette AvtaleGiro i kombinasjon med eFaktura. Har du utfordringar med å etablere eFaktura og/eller avtalegiro må du ta kontakt med banken din.

  • Kor ofte kjem fakturaen?

SIM vil frå 2026 fakturera annakvar månad. Fyste faktura vil bli sendt i månadsskifte februar/mars.

Stord kommune og SIM vil på førehand takka for forståing og samarbeid i overgangsperioden.

For ytterlegare informasjon, er du hjarteleg velkommen til å kontakte oss.