Else vann 10 000 kroner

Else Navjord frå Stord vart trekt ut som den heldige vinnaren av 10 000 kroner i Returkartonglotteriet. Den glade og overraska vinnaren har levert inn kartongar i lotteriet i mange, men aldri hatt trua på at ho skulle vinne.- Dette var kjekt, pengane vil kanskje bli brukt på ei reise, røpar ho.

Vil du delta i Returkartonglotteret?

Slik gjer du:
Skriv namn og telefonnummer på ein enkeltkartong, og du er med i trekkinga av 10.000 kroner eller 100.000 kroner i returkartonglotteriet.
Kartongen kan du leggje i papirdunken saman med anna papp og papir.

6. november, 2023 Publisert av Janne Hillersøy