Slik føregår slamtømminga

Innhaldet i slamtanken vert soge opp i slambilen. Der vert tørrstoffet skilt ut, og vatnet ført tilbake til slamtanken. Etter denne prosessen er det normalt at det vert liggjande eit slør av slam over vatnet. Opp­samlinga skal føregå med minst mogeleg støy, lukt o.l. Evt. søl frå tømminga skal fjernast av renovatør.

Obs! Tanken er full etter tømming, men då berre av vatn.

Slammet frå slamtanken er minimalt ­nedbrote. Det vert køyrt til SIM sitt hovud­anlegg i Svartasmåget for ­kompostering i rankar. Slamkomposten vert brukt på SIM sine anlegg.

Kontroll av anlegget

I samband med tømming vil slamtanken bli inspisert visuelt. Dersom det vert oppdaga feil, vil kunden bli varsla av SIM eller kommunen.

Dei mest vanlege feila er:

  • tanken har dårleg lok
  • «dykk» manglar
  • tanken har tett utløp
  • tanken lek
  • utløpet lek
  • tett filtergrøft