Informasjon-slamtømming med båt

Alternativ 1 :
Ferge, med slamtømmebil om bord (150 meter slange)

Alternativ 2 :
Ferge, med traktor eller liten bil om bord. Desse kan køyre små vegar på øyar, og deretter tømme over i større bil som står om bord.

Alternativ 3 :
Mindre båt som kan hente inntil 10m3 slam – (passar til mindre oppdrag, naudtømming eller medan ein har slamtømmebil på kai i nærheten)

Alternativ 4 :


Retningsliner for tilkomst til slamtank med ferge frå sjø

Desse retningslinene er utarbeidde for å opplysa om minstestandarden som må til for at kommunen skal kunna tømma slamtankar der einaste tilkomst er frå sjø, og for å sikra trygg og rasjonell tømming av slike tankar. Dersom anna ikkje er vedteke, gjev kommunen som regel unnatak for eksisterande slamavskiljar/tett tank som er utanfor rekkevidda til vanleg slamsugeutstyr.

Vilkår for retningslinene

For å kunna tømma slamtankar der einaste tilkomst er frå sjø, må entreprenøren kunna koma til med ein båt som er stor nok til å ha avvatningsbil om bord. På stader der slangeuttrekket ikkje når fram frå båten til slamtanken, må det i tillegg vera plass til traktor om bord.

1. Innseglingslei
Tankeigar skal sørgja for ei innseglingslei som gjev tilkomst for eit fartøy som er 10 meter breidt, stikk 2,7 meter djupt og har mast som stikk 13 meter over høgvatn.

2. Fortøying
Tankeigar skal sørgja for at det er høve til å fortøya ovannenmnde fartøy trygt ved lendingsplass. Dersom det ikkje finst trygt nok fortøyingsfeste ved lendingsplass, må tankeigar sørgja for høveleg fortøyingsinnretning i avstand mellom 10 og 20 meter på kvar side av lendingspunkt, jmfr. figur 1.

3. Lendingsplass
Djupne ved lendingsplass skal vera minst 3 meter ved lågvatn. Tankeigar må ordna til ei 3 meter brei lendingsflate for lem ved lendingsplass, evt. med tiljamna underlag for ilandkøyring frå fartøy, jmfr. figur 2. Nivået på fundamentet skal liggja mellom kote 1,6 og 2,4.

4. På stader der tømmeutstyret ikkje skal i land
Dersom tømmeutstyret ikkje skal i land, kan ikkje slamtanken liggja meir enn 70 meter frå lendingsplass. Tankeigar må sørgja for farbar gangsti frå lendingsplass til slamtank, slik at entreprenør kan koma fram med sugeutstyr på ein trygg og god måte.

5. På stader der tømmeutstyret skal i land
Dersom entreprenør skal i land med tømmeutstyret, må lendingskanten tola eit akseltrykk på 6 tonn. Tankeigar må sørgja for veg/traktorveg frå lendingsplassen og i retning slamtanken. Vegbreidda må minimum vera 2,5 meter og stigninga ikkje over 20%. Tilkomstvegen kan ikkje slutta meir enn 50 meter frå kummen. Det må vera råd for ein traktor med tilhengjar å snu mindre enn 70 meter frå slamtanken. Vertikal høgd mellom botnen av slamtanken og staden der sugeutstyret skal plasserast må ikkje vera meir enn 5 meter.

6. Kostnader
Tankeigar må fullt og heilt bera alle kostnader med tømming av slamavskiljar/tett tank etter desse retningslinene.

7. Opplysningsplikt
Tankeigar skal opplysa forureiningsmynde om lendingsplass med merka lei inn til lendingspunktet, samt plassering av tank i høve til lendingsplassen.

I forskrifta til står det om slamtømming:

§3 :

Forskrifta SIM jobbar etter kan ein lesa på SIM si heimeside.