Kommunen sine plikter

Slam frå slamavskiljar og tette tankar for sanitært avløpsvatn frå fastbuande,
hytter og verksemder skal hentast med dei intervalla som går fram av
«Forskrift om begrensning av forurensning», kapittel 12.(Sjå heile forskrifta her).

Minstekravet

Minstekravet er at avskiljarar i hus skal tømmast annakvart år og i hytter kvart fjerde år, med eit avvik på fire månader på begge sider. Det er viktig at slamavskiljarane vert tømde så ofte at dei ikkje renn over og kloakken kjem ut i bekker o.l. Overrenn frå fulle tankar kan òg tetta til andre anlegg og skapa ureining.

Varsling

Kommunen vil varsla om ny tømmerunde i rimeleg tid før tømminga tek til. I tillegg vil den
fastbuande abonnenten få skriftleg tømmevarsel i postkassa minimum éi veke før tømminga.
Dersom nokon får melding om tømming utan at dei har slamavskiljar, skal dei sjå bort frå varslet.
Hytteabonnentar skal i tillegg varslast skriftleg med adressert post i rimeleg tid før tømminga tek til.

Ekstratømming

Ekstratømming utanom ordinær rute kan tingast hjå SIM. Den vert fakturert særskilt og i tillegg til
gebyret ved den ordinære tømminga (les om naudtømming).

Om skade på privat eigedom

Dersom renovatøren skulle vera uheldig og påføra private vegar, gjerde, hekkar o.l. skade under slamtømminga,
pliktar han å setja dette i stand for eiga rekning. Huseigar må melda frå om evt. skade så snart som råd.